Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Jølster

Skei skule er ein av to attverande grunnskular i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skei skule er ein av to attverande grunnskular i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Privatskule

Sokneprest Erik Olsen fødd 1816, var prest i Jølster frå 1864 til 1871, då han fekk avskil p.g.a. sjukdom. Etter at han vart pensjonist, dreiv han ei tid privat skule for ungdom som ville førebu seg til artium.

Bygdestrid har prega skulesoga

Knapt nokon kommune i Sogn og Fjordane har vore prega så sterkt av skulestrid som Jølster kommune. Ikkje berre nedre og øvre Jølster har stått mot kvarandre, men også innan småkrinsane har folk vore usamde om kvar skulehusa skulle liggje.

Krangel om lokalisering av skulane gjorde at fleire krinsar ikkje fekk eigne skulebygg før langt ut på 1950-talet. Opphavet til mykje av denne usemja var fylkesmannen og skuledirektøren for Bjørgvin sitt utspel kring 1880 om at Jølster kommune måtte byggje i alt 11 skulehus, fem store og seks mindre. Samla kostnad var sett til 24.000 kroner, og av dette skulle fylket ta halvparten, medan den andre halvparten skulle delast likt mellom kommunen og foreldra i krinsane som ein slags eigenandel. Det første skulehuset vart teke i bruk i Klakegg krins. Dei fleste krinsane hadde fått eige skulebygg når ein kom fram til 1920.

I Jølster kommune var det på det meste 17 skulekrinsar:

Veiteberg

i Stardalen fekk skulehus like etter 1907. Borna i indre Stardalen fekk eigen skule på Åmot noko seinare.

På Åmot var det skule i denne bygningen fram til 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Åmot var det skule i denne bygningen fram til 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åmot

i Stardalen vart skild ut som eigen skulekrins frå Veiteberg då elevtalet vart stort nok til det. Åmot skulehus som vart bygd i 1958. Åmot krins vart lagd ned i 1970, og skulehuset vart seinare selt til private.

Skulehuset på Heggheim vart bygt i 1930. Her var det undervisning fram til 1954. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset på Heggheim vart bygt i 1930. Her var det undervisning fram til 1954. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heggheim

skulekrins i Stardalen fekk eige skulehus kring 1930. Heggheim-borna vart sentraliserte til Klakegg skule i 1954, og tilliks med alle borna i øvre Jølster til den nye sentralskulen på Skei då den stod ferdig i 1960.

Klakegg

fekk skulehus i 1881. Dette vart truleg den første fastskulen som vart bygd i Jølster kommune.

Gamleskulen på Skei (til venstre i biletet) er i dag ein del av Audhild Vikens Vevstove. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamleskulen på Skei (til venstre i biletet) er i dag ein del av Audhild Vikens Vevstove. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skei

heitte opphaveleg Vika skulekrins og fekk første skulebygget seint på 1890-talet. Sentralskulen litt nord for Skei sentrum vart teken i bruk i 1960. Firmaet Audhild Vikens Vevstove har seinare overteke den gamle skulen på Skei og innreia den til forretning.

Lunde

Borna frå dei inste grendene i Kjøsnesfjorden gjekk på skule på Lunde, der det gamle skulehuset framleis står. Lunde hadde felles lærar med Sunde krins.

Skulen på Sunde heldt til i det raude huset midt i biletet. Elevane hadde eit utsyn mange kunne misunne dei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulen på Sunde heldt til i det raude huset midt i biletet. Elevane hadde eit utsyn mange kunne misunne dei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunde

skule var barneskule for gardane frå og med Dvergsdal i sør til Sægrov i aust. Skulen på Sunde vart lagd ned og ungane førde over til skulen på Skei då Kjøsnesbrua vart opna i 1970.

Den siste elevflokken på Dalen skule i Dvergsdalsdalen 1968/69. Frå venstre Venke Dvergsdal, Bjarte Sunde, Geirmund Dvergsdal, Id Sunde, lærar Almveig Sårheim, Gunnhild Dvergsdal, Irene Dvergsdal. Foto: Berit Sunde.

Den siste elevflokken på Dalen skule i Dvergsdalsdalen 1968/69. Frå venstre Venke Dvergsdal, Bjarte Sunde, Geirmund Dvergsdal, Id Sunde, lærar Almveig Sårheim, Gunnhild Dvergsdal, Irene Dvergsdal. Foto: Berit Sunde.

Dalen skule

Dvergsdalsdalen var ei bureisingsbygd som hadde eigen skule frå 1947 til 1969. Den var ei avdeling under Sunde skule, og dei to krinsane hadde delvis dei same lærarane. Før grenda fekk eigen skule, måtte borna gå den strabasiøse vegen ned til Myklebust og Sunde for å gå på skule – frå dei sørlege gardane til Myklebust og dei nordlege til Sunde. Skulen i Dvergsdalsdalen leigde seg inn i privathus og ei hytte så lenge den eksisterte.

Myklebust

fekk eige skulehus kring 1906. Tømmeret til dette huset kom frå ei bru som vart skadd og teken ned etter ein flaum på Ålhus. Skulen vart sentralisert til Sandal då denne krinsen fekk eige skulebygg i 1958.

Tidlegare Sanddal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Sanddal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sanddal

fekk eige skulebygg først i 1958.

Gjesdal

gamle skule vart bygd i 1898. Det var talet på skuleborn i dei einskilde gardane langs stranda som vart avgjerande for kvar skulen vart bygd, og på den tida var det flest ungar på gardane Strand og Hammar. Gjesdal skule vart lagd ned få nyeskulen på Vassenden stod ferdig i 1968, men det vesle skulehuset har sidan vorte nytta ein del til spesielle skuletimar i historie.

Gjesdal skule like aust for Vassenden var i si tid ein av 17 barneskular i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjesdal skule like aust for Vassenden var i si tid ein av 17 barneskular i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vassenden

– sjå Gjesdal.

Eikås

fekk eige skulehus kring 1910. I denne krinsen var det store spenningar, og det førde m.a. til at det vart drive skule på Fluge i ein kort periode. Skulen på Eikås vart lagt ned i 1968 og borna overførde til den nye sentralskulen på Vassenden.

Ålhus

fekk skulehus kring 1910. Dette skulehuset vart bygd på Sårheim litt sør for sjølve Ålhus, slik at borna sør til Svidal skulle få kortare skuleveg. I ein kort periode var det også skule i Svidalen fordi foreldra der rauk uklar med skulehaldaren i Ålhus.

Nynorsk kveldsskule på Ålhus

Johannes Aalhus (1880-1910) frå Ålhus var lærar og målmann, som m.a. heldt kveldsskule med opplæring i nynorsk. Aalhus stod sentralt i målstriden i Jølster kring 1905.

Det gamle skulehuset for Årdal, Helgheim og Hus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det gamle skulehuset for Årdal, Helgheim og Hus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Årdal

Årdal hadde frå gamalt vore ”kommunesenter” med eit sparebankbygg der kommunale kontor leigde seg inn. Bygda fekk eige skulebygg ein gong på slutten av 1800-talet. Årdal krins vart slegen saman med Helgheim og Huus krins i 1900. Begge skulehusa vart rivne og materialane brukte opp att til eit nybygd skulehus som låg midt mellom dei to tidlegare krinsane. For å finne fram til tomta, vart avstanden mellom Årdal og Helgheim skritta nøyaktig opp.

Privatskule i Årdal

I Årdal vekte det sterke reaksjonar då kommunestyret vedtok at skulekrinsen skulle leggjast ned og borna sendast til Skei barneskule. Bygefolket i Årdal gjekk til skulestreik i protest mot vedtaket. I 1972 vart det skipa ein eigen privatskule i Årdal med kring 30 elevar. Bading og skulekjøkken måtte dei likevel til Skei skule for. I 1973 vart dei eldste borna flytta til Skei, og berre dei yngste vart att i privatskulen. Privatskulen i Årdal vart lagd ned i 1987.

Helgheim og Huus

hadde eigen skulekrins frå slutten av 1800-talet. Skulehuset for denne krinsen stod like ved kyrkja på Helgheim. Krinsen vart slegen saman med Årdal i 1900 og skulehuset rive og flytta til ny tomt. (sjå ovanfor under Årdal).

Førde

ved Breimsvatnet høyrde til Breim kommune fram til den store kommunereguleringa i 1965. Bygda fekk i 1890 felles skulekrins med grenda Årdal på austsida av Breimsvatnet. På grunn av vanskelege kommunikasjonar på vatnet vinterstid vart det halde skule i begge bygdene. Førde fekk eige skulehus i 1930 då Breim kommune flytta det gamle skulehuset frå Gåsemyr dit.

Vassenden skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vassenden skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sentraliseringsstrid

Mellom øvre og nedre Jølster har det i dei fleste lokaliseringssaker vore sterke spenningar der Skei og Vassenden har stått mot kvarandre. Slik var det også ved skiping av ungdomsskulen på slutten av 1960-talet. Fleirtalet i kommunestyret vedtok i 1966 at ungdomsskulen skulle samlast i ein sentralskule for heile kommunen på Skei. Ungdomsskulen på Skei vart bygd like ved barneskulen frå 1960, og vart opna i 1972. Men folk i nedre bygda kring Vassenden fann seg aldri til rette med denne ordninga. Etter fem års drift fekk difor nedre Jølster sin eigen ungdomsskule i eit påbygg til barneskulen på Vassenden.

Mo og Jølster vidaregåande skule, tidlegare Heimeyrkesskulen på Vassenden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mo og Jølster vidaregåande skule, tidlegare Heimeyrkesskulen på Vassenden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heimeyrkesskulen i Jølster

Heimeyrkesskulen i Jølster vart grunnlagt i 1945 av lærar Kristian Eikås. Skulen var kommunal fram til 1949, då fylkeskommunen tok over drifta.

Mo og Jølster vidaregåande skule

- sjå Heimeyrkesskulen i Jølster.

Årdølene med eigen privatskule

Årdal hadde frå gamalt vore ”kommunesenter” med sparebank, der kommunale kontor leigde seg inn. Her vekte det sterke reaksjonar då kommunestyret vedtok at skulekrinsen skulle leggjast ned og borna sendast til Skei barneskule, og folk i Årdal gjekk til skulestreik. Årdølene skipa i 1972 eigen privatskule i Årdal med kring 30 elevar.

Matematikktime ved Skei skule.

Matematikktime ved Skei skule.

Privatskulen varde eitt år. Deretter fekk bygda ei ordning der dei eldste borna vart flytta til Skei, medan dei yngste fekk bli i Årdal i eit samarbeid med barnehage. Skulen i Årdal vart lagt ned i 1987.

Jølster Kulturskule

vart skipa i 1998 med 38 elevar. Ved 10-årsjubiléet i 2008 hadde kulturskulen 115 elevar.

Dagens skular:

  • Skei skule (1.-10. kl.) 202 elevar
  • Vassenden (1.-10. kl.) 239 elevar

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011