Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Mosesson Øvrebø

Søren Mosesson Øvrebø (1867–1942) frå Øvrebø. Lensmann og sparebankstyrar. Lensmann frå 1912 til 1937. Styreformann i Jølster Sparebank frå skipinga i 1900 til 1939. Han var elles ein pådrivar for skogreising i Jølster. Vararepresentant til Stortinget for Sunnfjord krins (Frisinnede Venstre) 1910-1912.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2009