Hopp til innhold
X
Innhald

Spelemenn i Jølster

Sigmund Eikås, her i lag med medlemmer i Indre Sunnfjord spelemanslag, er mellom dei mange eminente folkemusikarane Jølster har fostra. Foto: NRK.

Sigmund Eikås, her i lag med medlemmer i Indre Sunnfjord spelemanslag, er mellom dei mange eminente folkemusikarane Jølster har fostra. Foto: NRK.

Jølster er kjend som ei av dei bygdene i Sogn og Fjordane som har fostra nokre av dei mest kjende spelemenn og slåttekomponistar.

Samuel Nilsson Dvergsdal.

Samuel Nilsson Dvergsdal.

Spele-Samuel – Samuel Nilson Dvergsdal

fødd 1807, var ein vidgjeten spelemann og slåttekomponist. Han var elles i nær slekt med komponisten Johannes Haarklou frå Haukedalen i Førde.

Spelemennene på Håheim

På Håheim budde det på 1800-talet to gode spelemenn: Ola R. Håheim og Søren Håheim. Det vert fortalt at då Søren vart gamal og deprimert, var det einaste som letta sinnet hans at Ola vart henta til gards for å spele for grannen.

Johannes B. Nedrebø

(1854–1934) frå Ålhus og

Ludvig M. Gjesdal

fødd 1895 vert òg nemnde som dugande spelemenn.

Anders Viken (t.v.) saman med Per Støyva frå Breim, ein annan kjend spelemann.

Anders Viken (t.v.) saman med Per Støyva frå Breim, ein annan kjend spelemann.

Jølstrabrura og Anders Viken

I Viken-familien frå Skei har det vore kjende spelemenn i fleire generasjonar: Ola Olsson Viken (1848-1926) var lærar, ordførar og ein framifrå spelemann. Sonen Anders Olsson Viken (1898-1976) tok opp arven, og er den mest kjende slåttekomponisten. Han har komponert over 500 slåttar, mellom desse «Jølstrabrura» og «Huldresølvet». I 1998 fekk Anders Viken sitt minnesmerke framfor hotellet på Skei.

Sonen til Anders, Arne A. Viken fødd 1925, busette seg i Mo i Rana og har gjort ein stort innsats for nord-norsk musikkliv – og hardingfela tok han med seg frå Jølster.

«Paulen»-brørne

”Paulen”-brørne Moses (1893-1979), Petter (1902-1978) og Adolf (1912-1976) var både spelemenn og slåttekomponistar. Dei komponerte over 100 slåttar. I nyare tid er det først og fremst Sigmund Eikås som har vore den fremste spelemannen frå Jølster. Sigmund Eikås har vunne ei rad førsteprisar i hardingfelespel på landskappleikar, og har representert Noreg på mange folkemusikkfestivalar i utlandet.

Indre Sunnfjord Spelemannslag

Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa i 1969 etter initiativ frå førdemannen John Grov. Dei fleste medlemene kjem frå Jølster kommune. Sigmund Eikås har det meste av tida vore kunstnarleg leiar for dette spelemannslaget som har vunne ei mengd førsteprisar på landskappleikar og på andre stemne. Medlemene i Indre Sunnfjord Spelemannslag har vore ”kjernen” i den faste dugnadsgjengen bak Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Medlemmer i Indre Sunnfjord Spelemannslag under opptak i NRK-studio i 2003. Foto: NRK.

Medlemmer i Indre Sunnfjord Spelemannslag under opptak i NRK-studio i 2003. Foto: NRK.

Fjellklang spelemannslag

I 1969 vart også Fjellklang spelemannslag skipa etter initiativ frå Johannes Befring. Laget rekrutterer i hovudsak spelemenn frå indre Jølster. I mange år var spelemann og slåttekomponist Lars Fjell den kunstnarlege drivkrafta i Fjellklang.

Fjellklang Spelemannslag i 1980. Framme frå venstre Ottar Nedrebø, Jostein Helgheim og Joar Dvergsdal. Andre rekkje Jon Gåsemyr, Daniel Klakegg, Knut Klakegg og Steinar Fjell. Tredje rekkje Jon Skrede, Lars Fjell, Ivar Årdal og Oddbjørg Klakegg. Foto frå LP-omslag.

Fjellklang Spelemannslag i 1980. Framme frå venstre Ottar Nedrebø, Jostein Helgheim og Joar Dvergsdal. Andre rekkje Jon Gåsemyr, Daniel Klakegg, Knut Klakegg og Steinar Fjell. Tredje rekkje Jon Skrede, Lars Fjell, Ivar Årdal og Oddbjørg Klakegg. Foto frå LP-omslag.

Spelemannslaga i Jølster har drive systematisk opplæring av unge folkemusikarar. Eit resultat av arbeidet i Indre Sunnfjord Spelemannslag var m.a. gruppa ”Smågodt” der m.a. Synnøve S. Bjørset og Gro Marie Svidal trødde sine første takter. Begge har vorte profesjonelle musikarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.02.2012