Star på Kjøsnes
Bygdehovdingen Star skal etter ei gamal segn ha budd på Kjøsnes omlag på same tid som Audun Hugleikson rådde på Ålhus på 1200-talet. Star hadde hestebeite i Stardalen, og dalen skal difor vere oppattkalla etter han. På Kjøsnes finst ein stor gravhaug, der Star etter segna skal vere gravlagd.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.11.2008