Hopp til innhold
X
Innhald

Stardalen Ynglingeforening

Ungdomshuset Haugtun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset Haugtun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stardalen Ynglingeforening vart skipa i 1888. Dette kristelege ungdomslaget bytte seinare namn til Stardalen Ungdomslag. Laget fekk kring 50 medlemer og dreiv eige songkor. I 1900 skipa laget til kveldsskule i landsmål.

Det lågkyrkjelege og nynorskvenlege ungdomslaget kom i konflikt med sokneprest og bokmålsmann Christian Astrup, som ein gong i 1897 skipa til høgmesse på same sundagen som Stardalen Ungdomslag skipa til eit stort stemne i bygda. Laget fekk måla lagsfane av Nikolai Astrup i 1901.

Det var også frilynde ungdomsgrupper i Stardalen som på 1920-talet framførte skodespel til inntekt for ungdomshus i bygda. Skodespela vart framførde i ei løe i bygda.

Ungdomshuset Haugtun stod ferdig i 1930. Haugtun vart brukt til alle slags tilskipingar i bygda, både religiøse og verdslege arrangement.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2010