Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Dvergsdal

Steinar Dvergsdal fødd 1955 i Dvergsdal. Bonde og organisasjonsmann. Starta som 20-åring karrieren som tillitsmann i samvirkeorganisasjonar som styremedlem i Jølster Samvirkelag, og har med åra vorte ein av dei mektigaste leiarane innan norske samvirkeorganisasjonar.

Styremedlem i Norske Felleskjøp frå 1993 og styreleiar 1995–2002 og 2006- . Styreleiar i Landbrukets Arbeidsgiverforening 1995–2005. Han har vore styreleiar i Norsk Landbrukssamvirke og Landbrukets Arbeidsgiverforening, og styremedlem i Landbrukets Medieselselskap, som eig avisa Nationen.

Dvergsdal har vore styremedlem i Coop Norge (NKL), og vore leiar i Samvirkeutvalget som er eit fellesutval for Norges Vel, Norsk Landbrukssamvirke, COOP Norge, Norske Boligbyggelags Landsforbund og Norges Fiskarlag. Frå 2001 har Dvergsdal vore styremedlem i den internasjonale samvirkealliansen ICA (International Cooperative Alliance) som har meir enn 800 millionar medlemmer verda over. Då Felleskjøpet Aust Vest slo seg saman med Felleskjøpet Trondheim til Felleskjøpet Agri i 2006, vart Dvergsdal vald til styreleiar i det nye selskapet.

Lokalt har Dvergsdal m.a. representert Senterpartiet i kommunestyret i Jølster. I 2005 vart Dvergsdal også medeigar i Skei Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2010