Sunnfjord Golfklubb

Sunnfjord Golfklubb vart skipa i 1992 etter initiativ frå Geir Huus, Førde. Etter å ha drive sporten på mindre treningsfelt i Førde, opna klubben i 2001 ny golfbane ved Vassenden i Jølster. Bana har ni hol med par 69. Anlegget har også klubbhus med garderobe og kafé, og eige treningsfelt.
Bana har etter kvart fått doble utslagsstader, slik at det kan spelast som ei 18-hols bane. I 2012 har Sunnfjord Golfklubb 450 medlemer frå heile Sunnfjord, men flest frå Førde.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 01.06.2012