Sverre Kvammen
(1911–1944) frå Eikås. Handelsmann og motstandsmann under 2. verdskrig.
Under krigen kom Kvammen i søkjelyset hjå prispolitiet fordi han hadde freista å hjelpe folk med nødvendig mat utan å halde seg til rasjoneringsreglane.
Hausten 1944 freista tyskarane fleire gonger å arresterte Kvammen, som greidde å rømme til skogs. Men strabasane førde til at Kvammen fekk lungebetennelse og døydde.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.03.2008