Hopp til innhold
Foto frå fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
Foto frå fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
X
Innhald

Synnøve Bjørset

Synnøve Sæmundsdotter Bjørset, folkemusikar med hardingfele, fele og bratsj som instrument, og med spesialisering innanfor den tradisjonelle musikken frå Sunnfjord, Sogn og Valdres.

Synnøve Bjørset er fødd 13. mars 1979 på Bjørset i Jølster og er busett i kommunen i dag. Ho har gått i lære hos sentrale tradisjonsberarar, mellom anna Håkon Høgemo, og har ein bachelorgrad frå Noregs musikkhøgskole (2000–2004) og grunnfag i etnologi frå Universitetet i Bergen (1999–2000).

 Bjørset har spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Sunnfjord, Sogn og Valdres. Denne musikken presenterer ho på sine så langt to soloplater, Ram (2001) og Slåttar (2009). I tillegg deltek ho på ei rekkje album som ensemblemusikar.

I 1999–2002 var ho medlem av gruppa Marylands. Frå 2002 har ho spela i Majorstuen. Både som solist og som ensemblemusikar har ho gjennomført ei rekkje turnear nasjonalt og internasjonalt. Sidan 2015 har ho arbeidd som musikkarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og har vore landsdelsmusikar i Sogn og Fjordane.
Bjørset er elles komponist, skribent og produsent i samband med konsertar og utgivingar. Ho har vore prosjektleiar for den audiovisuelle produksjonen Kongevegen (2008), for ulike plateutgivingar med historiske arkivopptak og for Majorstuen. Bjørset er meiningssterk og har gjennom ei rekkje artiklar uttalt seg om bruken av NRK sine folkemusikkarkiv, vilkåra for frilansmusikarar og for samanslåinga av folkemusikkorganisasjonane. Sidan 2018 har ho vore medlem av musikkutvalet for arrangør- og festivalstøtte i Norsk kulturråd.
I 2006 fekk ho Sparebanken Vest kunstnarstipend og etableringsstipend frå Statens kunstnarstipend, medan ho i 2008–2010 har fått arbeidsstipend frå denne organisasjonen. Ho fekk Folkelarmprisen for beste soloplate i 2011,  
Kjelder
E-post frå Synnøve Bjørset
Biografi om Synnøve Bjørset, Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Noreg, folkemusikk.no, http://www.folkemusikk.no/bjoerset-synnoeve-s-.4646171-146036.html [lesedato 30.04.2010]
Peikarar
Artikkel av Bjørset: Tvisynt arkivbrukarutøvar, på ballade.no
Omtale av Bjørset hos MIC Norsk musikkinformasjon

Først publisert: 30.04.2010
Sist oppdatert: 31.07.2018