Telefon i Jølster

Vassenden fekk telefon i 1892. Dette biletet er teke i 1905. Foto: O. Svanøe. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Dei første telefonlinene i Jølster vart bygde ut av det privateigde Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab i 1892-1983. Dei bygdene som fekk telefon då, låg langs veglina frå Førde til Sandane. Dette galdt:
Eikås
Vassenden
Hegrenes
Helgheim
Skei
Klakegg
I 1906 vart desse telefonstasjonane overtekne av Telegrafverket. Stasjonane vart automatiserte i 1973.

Ålhus fekk telefon i 1907. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ålhus
fekk rikstelefonstasjon i 1907.
Årdal
fekk rikstelefonstasjon i 1908.
Veiteberg
i Stardalen fekk rikstelefon i 1907. Stasjonen vart automatisert i 1956 og knytt til fjernvalnettet i 1973.
Myklebust
på sørsida av Jølstravatnet fekk rikstelefon i 1939.
Sandal
på sørsida av Jølstravatnet fekk rikstelefon i 1939. Denne stasjonen vart også kalla Jølsterstrand.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 23.12.2010