Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Lyngstad

Foto: Steinar Lote, NRK.

Foto: Steinar Lote, NRK.

Terje Lyngstad fødd 1966, frå Vassenden. Lærar, kultursjef og teatersjef. Lektor i marknadsføring med eksamen frå Høgskulen i Buskerud 1994. Lærar ved Hafstad vidaregåande skule 1991-1996, medarbeidar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 1996-1997, informasjonssjef Sogn og Fjordane Teater 1997-1999, kultursjef i Jølster 2000-2001, banksjef i Sparebanken Vest 2001-2004.

Lyngstad vart tilsett som teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater frå årsskiftet 2003/2004. Han har vore styreleiar i Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, og var hovudforfattar av boka «Kampen om nasjonal» i 2000.

I samband med at teateret i 2013 sette opp eit stykke om løparkongen Mensen Ernst frå Fresvik sette Lyngstad seg som mål å springe ein distanse som tilsvarar ti maratonløp - om lag 430 kilometer - iført ein påfugldrakt. Han var dette året med i fleire løp, også i desse sprang han i den fargerike drakten.

I 2014 vann han Jølster Maraton. I 2015 vart han tilsett som teatersjef ved Hordaland Teater i Bergen. Han tek til i stillinga 1. januar 2016.

Terje Lyngstad i eitt av løpa der han sprang med påfugldrakt. Foto: Stein Arne Kleven.

Terje Lyngstad i eitt av løpa der han sprang med påfugldrakt. Foto: Stein Arne Kleven.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021