Hopp til innhold
X
Innhald

Thor Hansson Veiteberg

Thor Hansson Veiteberg (1869-1947) frå Stardalen. Bonde og politikar. Veiteberg var og tilsynsmann for Vassdragsvesenet i Sogn og Fjordane. Ordførar i Jølster 1911-1920. Styremedlem i Jølster Sparebank 1901-1939.

Han gjorde opptaket til at den flaumfarlege Stardalselva vart forbygd i åra etter 1897. Veiteberg spela elles ei sentral rolle då Jølster Kommunale Automobilselskap vart skipa i 1919.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2010