Hopp til innhold
X
Innhald

Tidlege tunnelplanar under breen

Dagens riksveg 5 mellom Lunde og Fjærlandstunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens riksveg 5 mellom Lunde og Fjærlandstunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1927 søkte Jølster kommune om at det vart bygd vegtunnel under Jostedalsbréen. Søknaden vart grunngjeven med den aukande turistferdsla. Forretningsidéen som låg til grunn for denne søknaden, var å setje av passasjerar på turistbåtar i Fjærland og så frakte dei med bilar gjennom tunnelen til Jølster og vidare nordover mot Nordfjord – truleg til Sandane sidan det ikkje vart bygd skikkeleg køyreveg over Utvikfjellet før i 1934. Dette ville verte ei såkalla ”overland-rute” som turistnæringa i indre Nordfjord og på Sunnmøre hadde suksess med nokre år tidlegare med biltransport frå Nordfjord til Geiranger og Øye på Sunnmøre. Jølster kommune hadde førebudd seg med å setje av tomter til haldeplassar og eventuelt eit større hotell på Skei dersom denne Fjærlandstunnelen vart bygd, men søknaden vart ikkje prioritert.

Lunde tidleg på 1900-talet. Foto: Olai Fauske. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lunde tidleg på 1900-talet. Foto: Olai Fauske. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lunde er garden som ligg i botnen av Kjøsnesfjorden. Turistferdsla over Jostedalsbréen til Fjærland gjorde at Lunde fekk turiststasjon alt på 1890-talet. Lunde fekk vegsamband til Skei i 1937, bygd av arbeidslaget til Per Sægrov.

Frå 1913 og fram til vegen kom, nytta turistverten på Lunde motorbåt for å skysse turistane og bygdefolk til og frå Skei. Motorbåten heitte ”Skei”.

I 1980 vart det bygt ny veg mellom Skei og Lunde som ein lekk i vegutløysinga for Fjærland.

Ungdom på sykkeltur på vegen langs Kjøsnesfjorden ein søndag i 1946. Ukjend fotograf.

Ungdom på sykkeltur på vegen langs Kjøsnesfjorden ein søndag i 1946. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2010