Hopp til innhold
X
Innhald

Tjuvane i Flatjordura

Kring 1750 kom to forbrytarar rekande og slo seg til i nokre hellarar i ei stor ur på Flatjord i Stardalen. Ingen visste kvar dei kom frå. Ura har sidan vorte kalla «Tjovurda» (Tjuvura).

Karane herja og stal i heile dalen, og ein kveld gjekk dei til åtak på ein kar med kniv. Då hadde bygdefolket fått nok, og samla manngard for å fange tjuvpakket.

Den største var ein kjempe, men folket fekk bunde han og lagt han over hesteryggen. Slik vart han sendt ut av bygda. Den andre stakk unna, men vart funnen att i ein gardfjøs på Breim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.02.2009