Tollef Gabrielsson Skrede

Tollef Gabrielsson Skrede (1849-1933) frå Skei. Bonde, postopnar og hotellbyggjar. Han grunnla Skei Hotel i 1889. Då konkurrenten Jakob Neumann Hammer med sitt Hotel Stanley nokre år seinare gjekk konkurs, kjøpte Skrede Hotel Stanley, reiv det og bygde det opp att som utviding av sitt eige hotell på Skei.
I 1891 sette Tollef Skrede seg i spissen for å kjøpe dampbåten ”Skjold” som gjekk i rute på Jølstravatnet i mange år.
Etterkomarane til Tollef Skrede eigde Skei Hotel fram til det vart selt i 2005.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.10.2011