Tor Hansson Veiteberg

Tor Hansson Veiteberg (1869–1947) frå Stardalen. Bonde og politikar.
Veiteberg var og tilsynsmann for Vassdragsvesenet i Sogn og Fjordane. Ordførar i Jølster 1911–1920. Styremedlem i Jølster Sparebank 1901–1939. Han gjorde opptaket til at den flaumfårlege Stardalselva vart forbygd i åra etter 1897. Han spela elles ein sentral rolle då Jølster Kommunale Automobilselskap vart skipa i 1919.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 03.01.2011