Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Jølster

Med topografien i Jølster er rasulukker vanlege. Dette biletet er teke av Magne Frøystad på Ripe då det tok til å ramle i berget mellom Lunde og Søgnesand. Støvskya som er i emning dekte fort eit stort område. Heldigvis vart ingen skadde denne gongen, men ras har teke mange liv i Jølster. Foto: Magne Frøystad.

Med topografien i Jølster er rasulukker vanlege. Dette biletet er teke av Magne Frøystad på Ripe då det tok til å ramle i berget mellom Lunde og Søgnesand. Støvskya som er i emning dekte fort eit stort område. Heldigvis vart ingen skadde denne gongen, men ras har teke mange liv i Jølster. Foto: Magne Frøystad.

Omtalar er ordna etter årstal. Berre ulukker med to eller fleire omkomne, eller under særkilde omstende, er tekne med.

1689

I 1689 omkom ei kvinne frå garden Strand av skadene ho fekk då garden vart råka av snøskred fire dagar før ho døydde. Samstundes omkom ein soldat som budde på garden Dvergsdal, der fem hus vart øydelagde av snøras.

1822

I7. januar 1822 drukna dei to døtrene til Førde-presten Søren Hjelm Friis og skyssguten ved garden Flaten i nedre Jølster. Skyssguten, Maren Christine Friis (14) og Severine Charlotte Friis (12) var på veg heim då dei vart teken av eit snøskred og vart teken ned i elva Jølstra. Eldste jenta vart funnen omkomen raskt og gravlagt 31.januar, medan yngste dottera og skyssguten vart funne omkomne i Movatnet i april. Dei vart gravlagde 18. april.

1832

I 1832 vart ein mann frå Klakegg drepen av bjørn under jakt i fjella ved Kandal i Breim (sjå eigen artikkel under Bjørnesoger i Jølster).

1836

I 1836 vart ein mann på Myklebust sterkt skada av ein skadeskoten slagbjørn og døydde kort tid etter åtaket av bjørnen (sjå eigen artikkel under Bjørnesoger i Jølster).

Så vakkert kan det vere på Jølstravatnet. Men vatnet har teke mange liv. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Så vakkert kan det vere på Jølstravatnet. Men vatnet har teke mange liv. Foto: Oddleif Løset, NRK.

1854

I 1854 drukna ein mann og to gutar i Jølstravatnet då dei skulle ro til kyrkje på Ålhus.

1855

I 1855 omkom to mann på Grepstad i Stardalen under ei snøfonn medan dei køyrde høy frå stølen. Fleire vart tekne av fonna, men berga seg.

1861

Ved ein brann i matstova på garden Fuglehaug ved Skei i 1861 omkom mor Gjertrud Fuglehaug, sonen Ola og dotterdottera Ågote Klakegg.

1862

drukna to born då eit ras i fjellet Orkja førde til ei stor flodbylgje i Jølstravatnet. I Orkja har det gått store ras både i 1684, 1862 og 1959.

Da Heggheim tok ut 11.2. 1868, står det på minnesmerket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Da Heggheim tok ut 11.2. 1868, står det på minnesmerket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Raset på Heggheim 1868

Vinteren 1868 var den hardaste snøskredvinteren som ein kjenner til på Vestlandet. 150 menneske omkom. Særleg ille var det 6. februar. Då omkom 24 menneske i Stryn. Ulukker råka også Luster, Sogndal, Balestrand og Jølster. Her tok Grønskredfonna med seg heile gardstunet på Indre Heggheim i Stardalen. 14 menneske omkom. I det eine tunet omkom mor, far og seks born. Berre tre av dei som vart tekne i raset, kom frå ulukka i live. På 125-årsdagen reiste Varden Ungdomslag ein minnestein på Heggheim.

1888

I 1888 omkom to personar, den eine Rasmus Befring frå Stardalen, i ei skyteulukke i Bolsetkleiva på veganlegget Skei-Våtedalen.

1921

I 1921 drukna fem ungdomar frå Ålhus i Jøstravatnet då dei skulle ro til dans i Sandalen.

1926

Vinteren 1926 gjekk to unge kvinner gjennom isen og drukna på Jølstravatnet ved Strand.

1969

I 1969 omkom to gutar frå Dvergsdal då dei køyrde i Jølstravatnet med bil.

1977

Veslejulaftan 1977 omkom fire unge kvinner frå Askvoll då dei køyrde ut i Jølstravatnet ved Juklestad.

1979

6. august 1979 fall ein 27 år gamal nederlandsk turist ut i elva Driva i Stardalen. Mannen vart aldri funnen igjen.

1987

28. juli 1987 fall ein 27 år gamal tysk turist i elva Driva i Stardalen og drukna. Kroppen vart funnen att eit halvt år seinare.

1992

Like før jul 1992 omkom fire personar då dei ved ei utforkøyring like sør for Skei drukna i Jølstravatnet.

1999

I 1999 miste ein ung mann frå Florø livet då han som busspassasjer vart råka av ein stein som rasa frå fjellet ved Kjøsnesfjorden.

På denne garden i Stardalen omkom tre eldre sysken i ei siloulukke i 2003. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

På denne garden i Stardalen omkom tre eldre sysken i ei siloulukke i 2003. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

2003

Den 21. juli 2003 omkom syskena Sverre J., Johanna Tomine og Bjarne Befring i Stardalen i Jølster i ein silo etter at dei vart forgifta av gass og deretter drukna i vatn i siloen.

I denne bilen sat ein ung mann då raset nådde riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden 19. desember 2003. Han overlevde, men begge beina måtte amputerast. Foto: Steinar Lote, NRK.

I denne bilen sat ein ung mann då raset nådde riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden 19. desember 2003. Han overlevde, men begge beina måtte amputerast. Foto: Steinar Lote, NRK.

2003

I desember 2003 miste ein ung mann begge beina då bilen hans vart råka av ein kjempestein som rasa frå fjellet ved Kjøsnesfjorden.

2004

Den 13. mars 2004 omkom ein mann frå Breim i eit snøras i Fagredalen ved Dvergsdalsdalen. 11 andre i ei skigruppe frå Indre Sunnfjord Turlag vart også tekne av raset, men berga seg.

Bergingsmannskap leitar i snøen etter raset i Fagredalen i 2004. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Bergingsmannskap leitar i snøen etter raset i Fagredalen i 2004. Foto frå tv-reportasje, NRK.

2009

I 2009 miste ein mann livet i ei ulukke inne i ein av tunnelane til Kjøsnesfjorden kraftverk då bremsene på lastebilen han køyrde svikta.

2010

8. august 2010 miste ein kvinneleg nederlandsk turist livet etter å ha falle i elva Driva i Stardalen då ho skulle fotografere fossane. I alt har tre utanlandske turistar mist livet etter å ha falle i Driva.

2013

Andre juledag 2013 omkom tre personar då to personbilar frontkolliderte på E39 i Våtedalen.

Tre menneske miste livet i trafikkulukka på E39 i Våtedalen 26. desember 2013. Foto: Runar Sandnes.

Tre menneske miste livet i trafikkulukka på E39 i Våtedalen 26. desember 2013. Foto: Runar Sandnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2016