Hopp til innhold
X
Innhald

Vassenden Dampbakeri

Her heldt Vassenden Dampbakeri og seinare Jølster Bakeri til før det vart bygt nytt på Fluge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her heldt Vassenden Dampbakeri og seinare Jølster Bakeri til før det vart bygt nytt på Fluge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vassenden Dampbakeri vart starta i 1954 av Alf Schei. I 1979 vart bakeriet overteke av Arne Lesto og Oddne Fimland. Dei brukte dei første åra namnet Jølster Bakeri, men frå 1984 heitte det LeFi Bakst A/S.

Dei bygde eige produksjonsanlegg på ca. 1200 kvadratmeter på Fluge. Firmaet dreiv også ei tid eit bakeri i Sogndal. LeFi Bakst hadde i året 2000 17 millionar kroner i omsetning og sysselsette kring 20 årsverk.

I 2002 overtok Tunolds Bakeri AS LeFi Bakst, og la like etter ned avdelinga som dette bakeriet dreiv i Sogndal. I 2002 gjekk Tunold også inn i «Bakehuset Norge» som tel 10 bakeri kringom i i Noreg. I 2002 hadde Tunold 60 tilsette ved bakeria sine og ei omsetning på 85 millionar kroner.

I desember 2004 vart bakeriet på Fluge lagt ned og produksjonen flytta til Nordfjordeid.

LeFi Bakst på Fluge. Bakeriet vart lagt ned i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

LeFi Bakst på Fluge. Bakeriet vart lagt ned i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.01.2010