Hopp til innhold
X
Innhald

Vassenden kyrkje

Vassenden kyrkjesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK

Vassenden kyrkjesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK

Vassenden kyrkje er til no den yngste kyrkje i Sogn og Fjordane og vart vigsla i 2001. Arkitekt var Per W. Skarstein. Det meste av kyrkja på Vassenden er gjort på dugnad av stiftinga som står bak kyrkja.

Altartavla er av Jørleif Uthaug, og er den omstridde tavla som ein stor del av kyrkjelyden i Holsen i Førde ikkje ville ha inn i si eiga kyrkje som erstatning for ein gamal altarkross.

112 år gamalt orgel

I 2011 fekk kyrkja på plass orgel, eit 112 år gamalt instrument frå ei baptistkyrkje i Bangor i Wales.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.05.2011