Vestlandske Felleskjøp

Felleskjøpet på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Vestlandske Felleskjøp starta avdeling på Skei i 1969 for sal av landbruksmaskinar i ein bygning Jølster Samyrkelag hadde reist. Felleskjøpet flytta i 1999 inn i eit nybygg på 2300 kvm like aust for Skei sentrum, og selde då den første bygningen tilbake til samvirkelaget. Bilverkstaden Jølster Bil AS leiger lokale i bygningen, resten brukar Coop til lager.
Felleskjøpet på Skei har 18 tilsette og ei årleg omsetning på kring 65 millionar kroner. Selskapet har sidan 2006 heitt Felleskjøpet Agri etter ei samanslåing av felleskjøpa på Aust- og Vestlandet i 1999.
Felleskjøpet har også eigen butikk på Øyrane i Førde.
- Les meir om Vestlandske Felleskjøp i Bondeeigde kjøpelag og salslag.

Felleskjøpet si forretning på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 17.12.2010