Hopp til innhold
X
Innhald

Vevtradisjonen i Jølster

Jølstraåkle finn du mange stader i verda. Eit åkle med dette mønsteret, vevd av Kathinka Lind, heng i Vatikanet i Roma. Mønsteret tilhøyrer Norunn Øvrebø. Foto: Jølstramuséet.

Jølstraåkle finn du mange stader i verda. Eit åkle med dette mønsteret, vevd av Kathinka Lind, heng i Vatikanet i Roma. Mønsteret tilhøyrer Norunn Øvrebø. Foto: Jølstramuséet.

Dette mønsteret teikna Nikolai Astrup. Mønsteret tilhøyrer Norunn Øvrebø. Foto: Jølstramuséet.

Dette mønsteret teikna Nikolai Astrup. Mønsteret tilhøyrer Norunn Øvrebø. Foto: Jølstramuséet.

Kring 1890 tok lensmannsfrua Katinkha Lind (1845-1943) på Ålhus i Jølster opp att den gamle vevteknikken som frå gamalt hadde vore nytta i Jølster – smettveven. Katinkha lærde den gamle vevteknikken av ei gamal kone på garden Strand på sørsida av Jølstravatnet.

Ho arrangerte i mange år kurs for jølstrakvinner som ville lære dei gamle vevteknikkane, og fekk m.a. Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin. Ein av elevane var dotterdottera hennar, Magnhild Helgheim, fødd 1910. Då Magnhild kom heim til Jølster i 1933 etter å ha gått Den Kvinnelige Industriskole i Oslo, starta ho eiga vevstove med fem tilsette. Her vov dei m.a. golvteppe og biletvev i tillegg til dei tradisjonelle åklea. Magnhild dreiv også med kunstvev i samarbeid med Synnøve Anker Aurdal.

Astrup teikna vevmønster

Mor til Nikolai Astrup, prestefrua Petra Astrup på Ålhus, var også med på å bere vevkunsten vidare kring århundreskiftet 1900, og kunstnarsonen Nikolai teikna mange kartongar (mønster) for løparar. M.a. skal det kjende «tyttebær-mønsteret» vere teikna av Astrup.

Vevkunst vart næringsveg

I 1947 starta Audhild Viken eiga vevstove på Skei. Ho fekk fire tilsette, og vov åkle, løparar, divanteppe, portierer m.m. Viken knytte etter kvart til seg husflidskvinner både i Jølster og andre bygder, og organiserte sal av produkta m.a. gjennom hotell på Vestlandet. Ho sykla sjølv rundt i fylket og selde varene sine dei første åra. På det meste hadde Audhild Viken 200 kvinner i arbeid for seg. Vevstova er seinare teken over av sonen Hallvard Viken, som har bygd verksemda ut med filialar i Bergen, Førde og Geiranger.

Andre føregangskvinner for vevnad i Jølster var Andrea Sandnes (1860-1939), Olina Fossheim (1887–1970) og Kristina Kvammen, fødd 1895 og Synneve Wendelbo. Olina Fossheim la dessutan ned eit stort arbeid for at den gamle bygdedrakta for Jølster skulle takast i bruk att.

Audhild Viken-butikkar finn vi mange stader i landet. Dette er butikken i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Audhild Viken-butikkar finn vi mange stader i landet. Dette er butikken i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.12.2010