Hopp til innhold
X
Innhald

Zakarias Olsson Fossheim

Kvinna som Zakarias Olsson Fossheim forsvarte vart halshoggen, og hovudet hennar vart sett på stake ved Ålhus kyrkje.

Kvinna som Zakarias Olsson Fossheim forsvarte vart halshoggen, og hovudet hennar vart sett på stake ved Ålhus kyrkje.

Zakarias Olsson Fossheim (1714–1800) frå Fossheim. Han var sjølvlærd prokurator (advokat), men fekk løyve til å prosedere saker for retten.

Mest kjend er innsatsen hans for å få ein sinnsjuk mordar frikjend kring 1770: Den sinnsjuke Ove Danielsson Håheim hadde drepe nabokona med kniv inne på løa, og vart to gonger dømd til døden ved halshogging. Men Zakarias fekk Ove frikjend, og bygdefolket samla inn pengar slik at han vart i stand til å betale erstatning til dei etterlatne.

Zakarias Olsson Fossheim var og sakførar i ein stor grensestrid mellom breimingar og jølstringar i Våtedalen i 1848, og vann saka for jølstringane. Men han nådde ikkje fram då han skulle forsvare ei kvinne som vart skulda for å ha drepe det nyfødde barnet sitt. Ho vart halshoggen, og hovudet sett på stake ved Ålhus-kyrkja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.12.2010