Hopp til innhold
X
Innhald

A. A. Andersen

A. A. Andersen frå Drammen dreiv frå ca. 1950 til 1967 eit lite slakteri i Borgund. To menn frå bygda var leigde inn som slaktarar. I sesongen om hausten kunne det vere fleire tilsette som jobba ”dag og natt”.

Slakteriet låg på garden Sprakehaugen, og då slakteriverksemda vart flytta austafjells, ominnreidde gardbrukaren, Arne Kvamme, slaktehuset til sanitæranlegg for campingplassen med hytteutleige som han driv på garden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009