Hopp til innhold
X
Innhald

Adolph A. Troye

Einemo, som Troye måtte selje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Einemo, som Troye måtte selje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Adolph A. Troye frå Bergen kom til Lærdalsøyri i 1848 og starta garveri og ølbryggeri med utsal av øl og vin. Garveriet låg på Brattegjerdet der han overtok eit stort hus – Einemo – etter den avdøde broren sin, Erik Troye. Dette huset hadde tidlegare vorte nytta som kommandantbustad for sjefen i Lærdalskompaniet.

Men det gjekk dårleg for Adolph Troye i Lærdal, for han måtte selje Einemo til godseigar Wollert Krohn Hille i Fresvik. Sjølv vart han skomakar og måtte slit for levemåten for seg og sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009