Hopp til innhold
X
Innhald

Amtmannen på Lærdalsøyri

Nordre Bergenhus Amt - frå 1919 Sogn og Fjordane fylke - vart skipa i 1763, etter at Joachim de Knagenhjelm hadda masa så lenge om å få sitt eige amt at kongen gav etter og delte Bergenhus amt i to. Knagenhjelm, som til då hadde vore sekretær hjå amtmannen i Bergen, flytta heim til Kaupanger og budde der så lenge han var amtmann.

Etter Knagenhjelm budde amtmannen for Nordre Bergenhus i Bergen i mange år, noko som vart sterkt kritisert i «nordre». I 1840 bøygde amtmann Christian Ulrich Kastrup av for presset og flytta til den einaste tettstaden av nokon storleik i amtet sitt; Lærdalsøyri. Her budde amtmannen fram til 1862, då embetssetet vart flytta til Systrond, Leikanger.

Amtmennene som budde i Lærdal var Christian Ulrich Kastrup 1833-1844, Hans Tostrup 1844-1852, Michael Conrad Sophus Aubert 1852-1862. (Sjå biografiar under «Kjende personar i Lærdal».)

Komplett liste over amtmenn og fylkesmenn i Sogn og Fjordane: sjå Leikanger kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008