Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Knutson Maristuen

Anders Knutson Maristuen (1882-1920) frå Maristova. Hotellvert og rutebileigar. Han hadde teke hotellutdanning i Tyskland, Sveits og England før han overtok som dagleg leiar av Maristuen Høyfjellshotell i 1916.

I 1914 starta Anders Maristuen rutebilselskapet A/S Trygg, og i 1920 Maristuen Lastebil. I 1924 gjekk Trygg inn i Gol-Lærdal-Maristubilene som eksisterte fram til 1982, då det vart overteke av Sogn Billag.

Då Anders Knutson Maristuen døydde berre 37 år gamal i 1920, tok enkja Sara f. Gjerde over og dreiv det store hotellet og rutebilane fram til sonen Knut Andersson Maristuen (1912-1970) kunne overta.

Anders Knutson Maristuen var son til Knut Andersson Maristuen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009