Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Lysne

Anders Lysne fødd 1926 på Ljøsne, busett i Bærum. Professor i pedagogikk, internasjonalt kjend som forskar kring barn med psykiske lidingar, spesielt kring selektiv mutisme (barn som sluttar i snakke t.d. kring treårsalderen).

Etter lærarutdaning var Lysne Fulbright–stipendiat i USA 1956–1957. Tok magistergraden i pedagogikk 1960. Universitetslektor ved Universitet i Oslo 1960. Doktor philos. 1970. Dosent 1970 og professor 1972–1996. Lysne har vore instituttstyrar og medlem av det akademiske kollegium ved UiO, og universiteta sin representant i Evalueringsutvalet for skuleverket 1972–1978. Leiar for det nasjonale Immatrikuleringsutvalet 1973–1996.

Han har elles undervist og vore styremedlem ved den internasjonale sommarskulen ved UiO, og direktør ved denne 1984–1993.

Mellom Lysne sine publiserte fagskrifter er to bind om karakterar og kompetanse i skulen dei viktigaste.

Bror til Dagfinn Lysne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009