Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Olsson Lærdalsøyri

Anders Olsson Lærdalsøyri (1846-1921) frå Lærdalsøyri. Han vart kalla «Stormålaren».

Anders Olsson Lærdalsøyri (1846-1921) frå Lærdalsøyri. Han vart kalla «Stormålaren».

Målarstilen hans var kjenneteikna av ei djerv fargeoppfatning med naiv koloritt og teikning i landskapsbileta, og raffinert bruk av grått, kvitt, svart og brunt i portretta. Han dekorerte frå 1868 til 1915 kring 30 kyrkjer i Sogn og Fjordane og Hordaland. Lærdalsøyri måla fleire altartavler, m.a. i Tønjum kyrkje i Lærdal og Øn kyrkje i Hyllestad. Han dekorerte også Lindstrøm Hotell og Husum hotell, begge i Lærdal.

Anders Olsson Lærdalsøyri stilte ut rosemålingsarbeid og fekk prisar på landsutstillinga i Bergen 1898 og verdsutstillinga i Paris 1900. Sonen Per Anderson Lysne lærde målarkunsten i samarbeidet med faren før han emigrerte til Amerika. Der kalla han seg «Per Lysne of Stoughton» og vart ein vidgjeten rosemålar i det norske miljøet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009