Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Olsson Lunden

Anders Lunden.

Anders Lunden.

Anders Olsson Lunden (1913-1993) frå Borgund. Snikkar og Arbeidarparti- politikar. Han dreiv eiga bygningsforretning med fire-fem tilsette frå 1940 til ut på 1960-talet.

Medlem i Borgund kommunestyre og varaordførar frå 1945. Ordførar 1958-1964 i Borgund, og etter kommunesamanslåinga i Lærdal kommune 1964-1975. Medlem av fylkestinget 1958-1979.

Lunden spela ei aktiv rolle for å få bygd ut kraftressursane i Lærdalsvassdraget på 1970-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009