Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Torsteinson Mo

Anders Torsteinson Mo (1813-1894) frå garden Kjørnes (Kjodnes) i Lærdal. Han arbeidde som gardsdreng i prestegarden på Tønjum og var sentral tillitsmann i Thrane-rørsla (sjå eigen artikkel). Nær medarbeidar til agitatoren Gudbrand Larsen Lundløkken som organiserte den store gruppa av Thrane-rørsla i Lærdal i 1851. Mo vart lokal formann, og deltok på landsmøtet i 1851 der fleirtalet i gjekk inn for arbeidarrevolusjon i Noreg. Etter at Thrane-rørsla vart sprengd av styremaktene, flytta Anders Torsteinson Mo til Stavanger, og avslutta livet som lekpredikant med bustad på Voss.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009