Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Lærdal Automobilselskap

Erling og Arvid Aarethun på tur med ein ein buss frå Gol-Lærdal-Maristubilene rundt 1950. Bussen har teke ein stopp på Breistølen på Hemsedalsfjellet. Vi ser at panseret er ope, det kan tyde på at kjølevatnet har kokt i stigninga opp frå Borlaug. Ukjend fotograf. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

A/S Lærdal Automobilselskap vart skipa i 1918. A/S Gol Automobilselskap vart skipa same året, og etter kort tid fann dei to selskapa det fornuftig å samarbeide om rutene.

Om lag samstundes kasta endå eit nyskipa selskap - Fram A/S – seg inn i rutebilkrigen på Hemsedalsfjellet. Saman med Valdresruten ( sjå dette) var det no i alt fem rutebilselskap i eit avgrensa område. Dette førde til mykje krangel og kamp, og fleire gonger måtte styresmaktene gå imellom og rydde i rutekaoset.

Anlegget til Fjord1 Sogn Billag i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anlegget til Fjord1 Sogn Billag i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1924 skjedde ei storopprydding ved at selskap Trygg, Lærdal Automobilselskap og etter kvart også Gol Automobilselskap vart slegne saman til Gol-Lærdal-Maristubilene. Dette selskapet bygde stor haldeplass med bensinstasjon, verkstad og kontor på Lærdalsøyri på eit område som heiter Lågøyna. Lågøyna var tidlegare eit lågtliggjande område ved det tidlegare elveløpet, like vest for det gamle sentrum.

Også eit par lastebilselskap, Maristuen Lastebil (skipa 1920) og Schelderup Jansens lastebil (skipa 1923) gjekk inn i selskapet. A/S Beltebilene vart skipa i 1931 og dreiv passasjertrafikk vintertid over det ubrøyta Hemsedalsfjellet til 1942. Dette selskapet gjekk etter ei tid også inn i Gol-Lærdal-Maristubilene som eksisterte heilt til 1982, då det gjekk inn i Sogn Billag.

Entusiastar har teke vare på ein av dei gamle bussane til Gol-Lærdal-Maristubilene. Her saman med ein av dei nyare bussane til Fjord1 Sogn Billag. Foto:Kjell Arvid Stølen, NRK.

Entusiastar har teke vare på ein av dei gamle bussane til Gol-Lærdal-Maristubilene. Her saman med ein av dei nyare bussane til Fjord1 Sogn Billag. Foto:Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.05.2011