Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Valdresruten

I bygningen til høgre hadde A/S Jotunheimen & Valdresruten Bilselskap garasje. Foto: Jens Hauge. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

I bygningen til høgre hadde A/S Jotunheimen & Valdresruten Bilselskap garasje. Foto: Jens Hauge. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

A/S Valdresruten rutebilselskap vart skipa i 1909 av hotelleigarar frå Lærdal, Borgund og Valdres. Dei starta med to personbilar som vart sette inn i rute over Filefjell frå Lærdalsøyri til Fagernes, dit Valdresbanen var opna same året. Dette var den første bilruta i Sogn og Fjordane.

Rutebilane vart ein suksess frå første dag, og i 1911 hadde selskapet A/S Valdresruten 10 bilar i drift.

I 1919 vart A/S Valdresruten slege saman med Jotunheim Bilselskap til A/S til Jotunheimen & Valdresruten Bilselskap.

- Les elles meir om rutebildrifta i Lærdal i eigne artiklar under kapitlet: Samferdsle.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011