Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Lærdal

Sogns Tidende frå 9. juni 1905, to år etter at avisa vart flytta til Sogndal.

Sogns Tidende frå 9. juni 1905, to år etter at avisa vart flytta til Sogndal.

Sogns Tidend

vart starta på Lærdalsøyri i 1877 av sakførar (seinare statsminister) Othto Albert Blehr som organ for partiet Venstre.

Sogns Social-demokrat

vart starta på Lærdalsøyri i 1918 og var den første sosialistiske avisa i Sogn og Fjordane.

Årdal og Lærdal Avis

(sjå Aviser og media i Årdal) hadde avdelingskontor på Lærdalsøyri, med Steinar Kvigne som journalist.

Porten.no

Nettavisa Porten.no vart starta i 2004 for å dekke Årdal. Seinare er dekningsområdet utvida til og å gjelde Lærdal.

Framida til Porten.no.

Framida til Porten.no.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018