Hopp til innhold
X
Innhald

Båtar frå Strendene frakta våpen

Strendene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strendene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleire gardbrukarar på Strendene, mellom dei Jørgen Bermål og Anders P. Aarethun, kjøpte i mellomkrigstida motorbåten ”Lister” som dei nytta til trelasttransport til Bergen og kraftfôr tilbake. I krigsåra var ”Lister” i bruk til illegal våpentransport. Også Arne Aspevik dreiv illegal våpentransport med frakteskøyta si som heitte "Svana".

I naustet til Andreas Sandnes vart det lagra våpen før dei vart henta og borne innover fjella til stølar der Milorg-folk låg i dekning. På vårstølen Dokki hadde Siskin instruksjon av tropper. Milorg i dette avsnittet hadde til oppgåve å rykkje inn i Årdal for å hindre at tyskarane skulle setje i gang øydeleggjingar av fabrikkar og infrastruktur før dei trekte seg tilbake. Men kapitulasjonen den 8. mai gjekk 1945 føre seg utan at noko slikt hende.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011