Hopp til innhold
X
Innhald

Beinbrot og bokmålskupp

Ved kommunevalet 1910 var målsaka einaste kampsak. I det nye skulestyret vart det åtte mot åtte, og formannsvalet måtte avgjerast ved loddtrekking.

Nynorskfolket fekk skulestyreformannen. Men kort tid etter braut han foten, og distriktslegen, som var ihuga bokmålsmann, såg no sin gylne sjanse: Han beordra stakkaren med beinbrotet til sengs i seks veker! Og med nynorskformannen ute av spel, freista distriktslegen på eit kupp: Han ville velje ny skulestyreformann medan nynorskmannen låg til sengs og boksmålssida var i fleirtal.

Men nøkkelen til sengs

Men den beinbrotne Per Øvrevoll nekta varaformannen å kalle saman skulestyret: - «Det skjer ikkje før eg er ute av senga!» - Og for å vere på den sikre sida, låste han like godt ned både møtebok og skulearkiv og tok nøkkelen med seg til sengs! Bokmålsfolket freista å truge til seg nøkkelen, men Øvrevoll nekta plent. Men den arge distriktslegen gav seg ikkje: Han kjøpte like godt ny møtebok, heldt møte med sine «eidsvorne» bokmålsfolk (dei var dei einaste som ville møte) - og vart sjølvsagt vald til formann samrøystes!

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2011