Hopp til innhold
X
Innhald

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge er fødd 1956 i Oslo og er busett på Hauge gard i Lærdal. Grafisk formgjevar og lokalsjukehusforkjempar. Allsidig utdanningsbakgrunn og yrkeserfaring.

 Foto: Jens Hauge.

Foto: Jens Hauge.

Øien Hauge etablerte og dreiv verksemda Original grafisk form 1988-2001. Ho var engasjert i Etablerarforum for kvinner i Sogn og Fjordane og i Lærdal SV, som ho var med på å starte i 1984. I 2015 melde ho seg ut av SV på grunn av misnøye med sjukehuspolitikken til partiet. Ho melde seg inn i partiet Raudt, og heldt fram som uavhengig kommunestyrerepresentant.

Frå 2003 leiar i aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus og koordinator i det nasjonale nettverket "Folkebevegelsen for lokalsykehusene".

Gift med kunstnaren Jens Hauge.

Bente Øien Hauge i samtale med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Bente Øien Hauge i samtale med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.02.2018