Hopp til innhold
X
Innhald

Bergen & Drægni Produkter AS

Anlegget som Bergen & Drægni Produkter AS bygde på Grandane i 1979. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anlegget som Bergen & Drægni Produkter AS bygde på Grandane i 1979. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1979 bygde Bergen og Drægni Produkter AS (sjå Bergensmeieriet og Lerum inn i Drægni) ein stor konservesfabrikk på Lærdalsøyri og gjorde avtale med bønder i Sogn om kontraktsdyrking av grønsaker. Verksemda gjekk etter eit par år konkurs.

Idéen til denne satsinga i Sogn kom frå mannen som då var konsernsjef i Bergensmeieriet, Tor Gjedrem. Han meinte at eit selskap som produserte mat – i hans tilfelle eit meieri som produserte mjølkeprodukt - like så godt kunne produsere og distribuere alle slags norske matsortar.

Denne filosofien gjorde at Bergensmeieriet også ei tid nytta det nedlagde meierianlegget sitt i Askvoll til produksjon av fiskeprodukt, m.a. røykelaks og lodderogn. Men produksjonen i Askvoll viste seg å vere like lite lønsam som grønsakfabrikken i Lærdal, og vart lagt ned etter kort tid. – Sjå Askvoll kommune – Meieria i Askvoll.

Den tidlegare konservesfabrikken på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare konservesfabrikken på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forbrukarsamvirket med sitt konservesmerke «Røra» tok over i Lærdal, men fekk ikkje lønsam drift. I 1984 overtok Sunco/Heistad og dreiv til 1994, då dei avvikla, og anlegget vart overteke av Lærdal kommune. Kommunen leigde det ut til Lerum-gruppen, som i 2001 eig og driv anlegget som fryseri og lager og sorteringsentral for tomgods. Det arbeidde kring 17 personar ved anlegget så lenge Lerum dreiv flaskesentral i bygget, men då denne vart lagd ned i 2007, vart talet på tilsette redusert til to. Den delen av fryseriet som Lerum sjølv ikkje nyttar, vert leigd ut til Lærdal Grønt og Felleskjøpet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2017