Hopp til innhold
X
Innhald

Bertelsens Hotell

Telegrafen på Lærdalsøyri var hotell i seks år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Telegrafen på Lærdalsøyri var hotell i seks år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bertelsens Hotell vart starta på Lærdalsøyri i 1870 av bergensaren Anton Olai Bertelsen då han kjøpte det store bustadhuset til handelsmann Carl Martin Pettersen. Huset har sidan vorte best kjend under namnet ”Telegrafen”.

Bertelsen dreiv hotellet til 1876, og huset vart selt på auksjon til apotekar Fredrik Christian Tuxen Werring.

Bertelsens Hotell slik bygningen såg ut på 1880-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB

Bertelsens Hotell slik bygningen såg ut på 1880-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011