Hopp til innhold
X
Innhald

Bilen gjer sitt inntog

Bilen til Beduin ved Gram i Borugnd 3. september 1901. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Bilen til Beduin ved Gram i Borugnd 3. september 1901. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Petrus Scheltemer Beduin.

Petrus Scheltemer Beduin.

Den 3. september 1901 rulla den første bilen over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane på Filefjell. Det var hollendaren Petrus Scheltemer Beduin (d. 1928) som med sin «Panhard & Lavassor» hadde sett seg føre å erobre Skandinavias «villmarker» frå bilsetet.

Beduin hadde god trening i bilkøyring i ville fjell etter fleire ekspedisjonar i Alpane. Ein minnestein over Beduin si Lærdalsreise er sett opp ved Vindhella.

Beduin trudde han var den første bilist i Noreg. Men alt i 1895 var den første bilen importert hit til landet. Eit par år etter at hollendaren hadde køyrt ned Lærdal som den første bilturist i fylket, kjøpte Gabriel L. Bjørnereim på Byrkjelo den første bilen til Sogn og Fjordane (sjå Samferdsle i Gloppen).

På veggen til Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri står dette skiltet til minne om den første bilturisten i Noreg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På veggen til Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri står dette skiltet til minne om den første bilturisten i Noreg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkets første bilrute

I 1909 søkte hotelleigarane Johan C. Lindstrøm frå Lærdalsøyri, Anders Eggum og Anders Maristuen frå Borgund og Ivar Oppdal frå Valdres om å få starte rute med to automobilar mellom Lærdal og Fagernes.

Kappestrid om rutedrift

Rundt 1920 var det tre bilselskap som kappast om å frakte turistar over Hemsedalsfjellet.

Denne opne plassen på Lærdalsøyri var busshaldeplass tidlegare. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Denne opne plassen på Lærdalsøyri var busshaldeplass tidlegare. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Ekspressbuss

Idag har Lærdal fleire daglege ekspressbussamband til Austlandet, Bergen og Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2011