Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnen rak i fjorden

Denne bjørnen vart teken av eit snøras i Bjørkaviki i januar 1949. Brørne Jon, Håkon og Olav Bjørkum er avbilda saman med det uheldige dyret. Foto: Johannes Mjøs, Lærdal. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Denne bjørnen vart teken av eit snøras i Bjørkaviki i januar 1949. Brørne Jon, Håkon og Olav Bjørkum er avbilda saman med det uheldige dyret. Foto: Johannes Mjøs, Lærdal. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Heilt opp til nyare tid har dei stupbratte fjordsidene kring Fjærlandsfjorden, Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og innover Frønningen og mot Lærdal vore eit ynda tilhald for bjørn.

I 1945 såg dei bjørn ved stølen Nisedalen ved Aurlandsfjorden, og i 1949 hadde ein daud bjørn reke i land ved Erdal. Han hadde fylgt med ei steinskrede i fjellet vest mot Revsnes. Mellom Frønningen og Revsnes på ein stad som heiter Døftene, hadde bjørnen hi.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018