Hopp til innhold
X
Innhald

Blaaflat Hotell

Blaaflat Station ca. 1890. Foto: Axel Lindahl. © Norsk Folkemuseum.

Blaaflat Station ca. 1890. Foto: Axel Lindahl. © Norsk Folkemuseum.

Blaaflat Hotell var tufta på den gamle skysstasjonen på Nedre Ljøsne og vart bygt av Knut Henriksson Blaaflat i 1880. Huset vart utover 1880-talet utvida til tre etasjar og fekk veranda og andre kjenneteikn for sveitsarstilen som var populær på den tida. Det gamle ”hotellet” står på garden framleis og tener no som bustadhus.

Blaaflat heldt tre hestar på skysstasjonen og var i tilleg både postopnar og telefonstyrar

Hotellet var i drift til slutten av 1930-talet, drive av Henrik Blaaflat. Henrik Knutsson Blaaflat tok over i 1918 og hadde både posten og telefonen i grenda fram til 1940. Harald Blaaflat hadde post og telefon fram til 1970.

Elles er det opplyst at det midt på 1700-talet vart bygt eit gjestgiveri på garden Nedre Ljøsne av gardbrukaren og lensmannen Lars Monsson Ljsøne (1697-1765), men fleire detaljar om drifta vantar.

Hovudhuset på Blåflat i dag. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hovudhuset på Blåflat i dag. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011