Hopp til innhold
X
Innhald

Blåflat Hotell

Blaaflat Station ca. 1890. Foto: Axel Lindahl. © Norsk Folkemuseum.

Blaaflat Station ca. 1890. Foto: Axel Lindahl. © Norsk Folkemuseum.

Blåflat Hotell var tufta på den gamle skysstasjonen på Nedre Lysne. Her vart det på slutten av 1880-talet bygd eit treetasjes hotell i sveitsarstil.

Hotellet var i drift til slutten av 1930-talet. Blåflat hadde både post og telefon fram til 1940. Deretter tok hotelleigar Harald Blåflats bror Olav over post og telefon fram til 1970.

Hovudhuset på Blåflat i dag. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hovudhuset på Blåflat i dag. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011