Hopp til innhold
X
Innhald

Bokmålsstuten og sørlandsbokmål

Nynorskfolket vart galne og fekk skuledirektøren til underkjenne både «kupp-møtet» og møteboka derfrå. I bygda var striden så kvass at ein bonde nekta å pare kyrne sine med avlsstuten som stod i fjøset til ein bokmålsmann.

- Ikkje nokon «bokmålsstut» til mi ku, nei!, sa nynorskbonden.

Målstriden i Lærdal vekte merksemd i heile landet, vart omtala i rikspressa og kom opp i Stortinget. Saka enda i departementet som gav skuledirektøren medhald. Han reiste til Lærdal for å mekle. Men frontane var iskalde: Den sengeliggjande formannen tviheldt for sin del på nøkkelen til arkiv og møtebok. Distriktslegen på den andre sida godtok ikkje «overkøyringa» frå departementet, og kversette like godt posten som kom til skulestyret. I Tønjum krins, der presten heldt til, tok bokmålsfolket ungane ut av «nynorsk-skulen» og starta eigen privatskule.

Privatlæraren var frå Sørlandet, og gjorde seg flid med å få ungane til å lese bokmål med sørlandsk aksent, for lærdalsmålet var ikkje godt nok grunnlag for sobert bokmål, må vete!

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008