Hopp til innhold
X
Innhald

Borgund Kraftverk

Kart som syner utbygginga til Borgund Kraftverk.

Kart som syner utbygginga til Borgund Kraftverk.

Medan Oslo Lysverker (no Vika Energi) har bygd ut kraftressursane i nabokommunen Aurland, er det interesser frå Østfold som i 1966 fekk hand om fallrettane og gjorde den største utbygginga av Lærdalsvassdraget. Les meir om: Oslo Lysverker under «Kraftutbygginga i Aurland».

I første fase av utbygginga var det industrikonsernet A/S Hafslund som kjøpte fallrettar og starta utbygging. I Østfold stod Hafslund for ein stor del av kraftproduksjon- og levering, og både fylket og fleire kommunar var aksjonærar i A/S Hafslund. Etter sterk motstand frå elveeigarane i Lærdal vart dei opphavelege planane for utbygginga nærpå halverte.

Østfold fylkes Kraftforsyning (seinare Østfold Energiverk) vart skipa i 1973 i og tok over ansvaret for Lærdalsutbygginga. Borgund Kraftverk kom i drift i 1974 og kosta 470 millionar kroner.

Kommunen overtok kraftverk i 2013

I 1988 bygde Lærdal kommune i samarbeid med Østfold Energiverk ut Stuvane Kraftverk i sjølve Lærdalselvi. Her prøvde Sogn og Fjordane fylke å sikre seg forkjøpsretten til vassfallet i Stuvane, men kommunen tok innersvingen på fylket ved ein særs kunstig avtale med Østfold: Østfold fylke skulle koste heile utbygginga til 370 millionar kroner, og kommunen skulle overta heile eigarskapen etter 25 år. Den formelle overleveringa frå Østfold Energi til Lærdal kommune skjedde 1. november 2013.

Frå overleveringa til Lærdal kommune 1. november 2013. Foto: Jan Chritian Jerving.

Frå overleveringa til Lærdal kommune 1. november 2013. Foto: Jan Chritian Jerving.

Kraftverksvegar på Filefjell

På 1980-talet bygde ÅSV ut Nyset-Steggjevassdraga i Årdal (sjå Spelet kring Nyset-Steiggje-vassdraga). Mykje av utbygginga gjekk over anleggsvegar frå Lærdal og Filefjell. I 1985 selde den nye eigaren i Årdal, Norsk Hydro, Nyset-Steiggje-kraftverka til Østfold Energi.

Les meir om kraftforsyninga i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.11.2013