Hopp til innhold
X
Innhald

Borgund kyrkje

Borgund kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Borgund kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Like ved sida av stavkyrkja i Borgund står soknekyrkja for øvste delen av dalføret. Borgund kyrkje vart bygd i 1868. Arkitekt var Christian Brodtkorp Christie som også var arkitekt for kyrkjene på Hauge, i Årdal, på Stedje i Sogndal, på Kyrkjebø og i Holmedal. Byggmeister F. Gade og C. Aghte.

Over altaret i Borgund kyrkje heng forgylt krusifiks, liknande dei som er laga av Vossa-kunstnaren Brynjulf Bergslien i Stedje kyrkje, Sogndal og slektningen Nils Bergslien i Årdal kyrkje. Kalken i kyrkja er frå 1500-1600-talet, ein disk frå 1654 og ei lysekrune frå 1400-1500-talet. Ei av kyrkjeklokkene er datert heilt tilbake til 1200-talet.

Det øvrige inventaret og utstyret i Borgund kyrkje er frå byggjeåret eller seinare.

Borgund kyrkje frå 1868 står berre nokre meter frå stavkyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Borgund kyrkje frå 1868 står berre nokre meter frå stavkyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011