Hopp til innhold
X
Innhald

Borlaug Turistheim og Vandrarheim

Borlaug Turistheim og Vandrarheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Borlaug Turistheim og Vandrarheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Borlaugkrysset, like før oppstigninga til både Filefjell og Hemsedalsfjellet, har det vore drive losji og herberge i generasjonar. På Frammigarden stod eit ungdomsherberge som brann ned i 1965. Også andre bygningar strauk med.

I 1968 bygde Olav og Sigrid Haugen ny turistheim, og dei dreiv også kafé og bensinstasjon. Bensinstasjonen vart lagd ned i 1998. Turistheimen vert driven på heilårsbasis av Jorunn og Halvard Haugen. Kaféen er open i sommarhalvåret.

Frå den tida det framleis var bensinstasjon i Borlaugkrysset.

Frå den tida det framleis var bensinstasjon i Borlaugkrysset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009