Hopp til innhold
X
Innhald

Brannen på Lindstrøm hotel

Lindstrøm Hotel brenn i 1968. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lindstrøm Hotel brenn i 1968. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

I 1958 vart det bygt tilbygg til Nybu, og i 1968 vart ein del eldre bygningar rivne for å gje plass til nybygg med butikk og hotell med 82 senger på nordsida av gata. Men den 25. juni same året vart den gamle hovudbygningen til Lindstrøm Hotel totalskadd av brann.

Utan eit nyinstallert sprinkelanlegg kunne brannen fått langt større omfang på den tettbygde Lærdalsøyri.

Slik såg Lindstrøm Hotel ut etter brannen i 1968.

Slik såg Lindstrøm Hotel ut etter brannen i 1968.

Gamlebygningen var nyrestaurert, men måtte rivast, og i 1972 vart den brannskadde delen erstatta av ein fløy ut mot den gamle hovudgata. I salongane finst framleis gamle måleri og møblar som vart berga frå brannen i 1968. Dei er plasserte i det såkalla «Salongbygget», som er bygd i sveitsarstil for å høve inn i det gamle bygningsmiljøet.

Hotellbygningen som vart reist i 1972 har lite til felles med det gamle sveitsarstilhotellet som vart øydelagt av brann i 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hotellbygningen som vart reist i 1972 har lite til felles med det gamle sveitsarstilhotellet som vart øydelagt av brann i 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011