Hopp til innhold
X
Innhald

Brannen på Maristuen

Maristuen i 1920. Stort sett såg hotellet slik ut fram til brannen i 1976.

Maristuen i 1920. Stort sett såg hotellet slik ut fram til brannen i 1976.

Maristuen Hotell vart totalskadd av brann den 4. mai 1976. Telefonsambandet var brote, og Maristuen-folket måtte heilt til Borgund for å varsle.

Eit nytt apartementshotell med 20 husvære stod ferdig i 1978, og Maristuen-familien satsa også på campingplass med utleigehytter, og bygde skitrekk og alpinbakke. I 1983 gjekk hotellet konkurs, og etter fleire eigarskifte vart bygningen frå 2001 driven som Maristova Fjellhotel av Maristova Hotelldrift AS. I 2010 overtok selskapet YME Holding alle aksjane i Maristova Hotelldrift AS.

Maristova Fjellhotel som vart bygt opp etter brannen i 1976. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Maristova Fjellhotel som vart bygt opp etter brannen i 1976. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Maristuen-familien driv sjølve utleigehytter og campingplass under namnet Maristuen Fjellferie AS. Familien driv også garden og forvaltar den gamle fjellstova som museum.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011