Hopp til innhold
X
Innhald

Breistølen fjellstove

Breistølen på 1890-talet. Prospektkort.

Breistølen på 1890-talet. Prospektkort.

Ivar Olsson Kirkevoll Berge (1803-1895) opna fjellstove og skysstasjon for reisande på Breistølen på Hemsedalsfjellet i 1842. Han skulle halde ope frå midt i april til midt i oktober og ha opptil 10 skysshestar til rådvelde.

Før vegen vart brøyta med plog og bil, vart store tamreinflokkar brukte til å trakke køyreveg på snøen over Hemsedalsfjellet. Rundt garden vart det dyrka litt slåtteland for hestefor og 4-5 kyr. Reinmose vart brukt som tilleggsfor, og varme skaffa dei seg mykje med torvbrenning.Kring 1890 vart det bygd eit større hus på fjellstova.

Omgangsskule for borna på fjellstovene

Borna på fjellstova gjekk på omgangsskule: Nokre veker heime på Breistølen, og nokre veker på Bjøberg på Hemsedalssida. Ei særmerkt kvinne var ei tid vertinne på Breistølen: Jørond Breistøl (1844-1934) fødde 19 born på Breistølen utan hjelp frå jordmor eller andre kunnige fødselshjelparar.

Breistølen i dag.

Breistølen i dag.

Frå fjellstove til hotell

Ein av dei som dreiv fjellstova på Breistølen, var Knut Håkonsson Kvamme. Han pakta garden og dreiv fjellstova der i fem år før han i 1900 kjøpte det konkursråka Lærdalsørens Hotell (sjå Kvammes Hotel) saman med onkelen Petter Kvamme. Han dreiv Lærdalsørens Hotell vidare under namnet Kvammes Hotell. I 1952 bygde Iver Olsson Breistøl hotell på Breistølen, men manglande vinterbrøyting og mangel på straum gjorde at eigarane i 1956 måtte gå frå garden og flytte ned til bygda. Breistølen fjellstove vart seld til framande.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011