Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Martin Pettersen

Telegrafen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Telegrafen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Carl Martin Pettersen (1813-1898) frå Bergen starta landhandel på Lærdalsøyri kring 1844. Truleg hadde han etablert seg på staden nokre år tidlegare, for det var i 1844 at han fekk snikkarmeister Johan Ludolf Lundt til å byggje seg eit praktfullt bustadhus på to og ein halv etasje. Dette huset har sidan har vorte kjend som ”Telegrafen”. Den velståande handelsmannen Pettersen eigde fleire på Lærdalsøyri og heldt fire tenarar og butikkdrengar og eiga hushalderske.

Oddebui nærmast kamera. I dag held Øyrastova til her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oddebui nærmast kamera. I dag held Øyrastova til her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men i 1872 gjekk Pettersen konkurs. ”Telegrafen” vart seld på auksjon og brukt som Bertelsens Hotell ei tid før det fekk andre funksjonar.

I dag innheld ”Telegrafen” tele- og postmuséum og kunstgalleriet Gjesme-samlinga.

Ei handelsbu som Pettersen eigde ved Øyragata, vart overteken av Tomas Tomasson Gjerde som dreiv butikken vidare. Svigersonen til Gjerde, Anders A. Kvigne, dreiv også handel ei tid. Frå 1926 til 1966 dreiv Odd Henriksen ass. landhandel i huset, og etter han har huset sidan vorte kalla ”Oddebui”.

Etter 1966 har det vore fleire eigarskifte både for huset og butikken. I dag er det husflids- og gåvebutikken Øyrastova AS som held til der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009